Bak Hareid Fiskeriselskap as står Tore Giske og dei tidlegare medeigarane i reiarlaget Flømann. For 4-5 år sidan kjøpte dei den 37 meter lange Nordsjøtrålaren "Fangst". Skipper Tore Giske opplyser at fjoråret vart godt for båten. Men no har dei altså kjøpt nordsjø- og industritrålaren "Sailor" frå Flekkefjord i tillegg. Båten er 27 meter lang, og Giske opplyser at tanken er å selje han vidare, berre med rekekvoten. Resten av kvotane skal tilfalle "Fangst".

Konsesjonar kostar skjorta

Kva pris Hareid Fiskeriselskap måtte ut med for Sailor og kvotane, vil Giske ikkje ut med. Det einaste eg kan seie er at konsesjonar i dag kostar skjorta. Overleveringa av "Sailor" skal skje 15. eller 16. januar, og dersom dei ikkje får selt båten vidare, kjem Hareid Fiskeriselskap til å skrote båten. "Fangst" har konsesjon på sild, makrell og kolmule, og er akkurat no på veg nordover til Vestfjorden for å fangste på sild. Båten har ei bemanning på fem personar, men med ei dobling av kvotane kjem mannskapet til å bli auka til sju personar.