Anders Riise (38) har i 16 år site som representant for Tverrpolitisk liste i Hareid kommunestyre. Han var berre 22 år då han kom inn i kommunestyret, og blir han ordførar frå hausten av, vil han truleg bli den yngste ordføraren i Hareid gjennom tidene. Tverrpolitisk liste skal leggjast det, og i det politiske miljøet på Hareid har det i fleire månader svirra rykte om at Riise var toppnamnet både hos Høgre og Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet er ukjent for meg. Eg har ikkje vore spurd i det heile, svarer han. Riise står også på 3.-plass på fylkesvallista til Tverrpolitisk liste for Sunnmøre til hausten. Sjølv synest han ikkje det er noko problem å fronte Høgre kommunalt og Sunnmørslista fylkeskommunalt. Han viser til at denne kombinasjonen ikkje er så uvanleg. Kvifor valde du Høgre? Eg har vore med i kommunepolitikken lenge. Tverrpolitisk har sett pragmatisk på kva som er best for Hareid kommune, og når vi avslutta Tvp. så er Høgre det partiet som eg er mest samd med politisk. Det har eg merka meg i kommunestyret. Det er altså ein røynd politikar Hareid Høgre har fanga inn. På dei 16 åra Riise har vore med i lokalpolitikken har han ein periode bak seg i formannskapet. Han har vore leiar i Hovudutval for helse- og sosial i åtte år, vore leiar i Klientutvalet og inneverande periode er han leiar for Kontrollutvalet. Kontrollutvalsvervet gjer at eg ikkje kan sitje andre stader enn i kommunestyret. Faktisk har det gjort meg meir lysten på politikk. Eg har fått sett styringa litt frå sidelinja, og det gjer at både utfordringane og moglegheitene som kommunen har, trår klart fram.

Fleire innbyggjarar

Og kva er utfordringane? Kommunen har eit stort potensial, og den største kapitalen er folket som bur her. Utfordringa er å gjere kommunen meir attraktiv å busetje seg i. Vi er nøydde til å satse tungt på bustadtomter i sentrum, pluss alternativ for dei som ønskjer å bu i krinsane. Men kommunen er ikkje attraktiv utan gode oppvekstvilkår? Barnehagedekninga er no så god at alle som søkjer får plass. Og utbygginga av Hareid skule er komen inn på budsjettet og godkjent av fylkesmannen. Byggjestarten blir i år, svarer Riise. Målet hans er at Hareid i 2015 i alle fall skal ha vakse til 5000 innbyggjarar. Men økonomien til kommunen er elendig? Driftsresultatet i 2006 vart 3,5 millionar kroner i pluss. 2,5 millionar av desse er avsett til å kome oss ut av Robekk-lista. Held den fine utviklinga fram er vi komne oss ut av lista i løpet av eit par år, og då får vi straks meir handlefridom.

Oppstart på Hareid fastlandssamband innan 2015

Den geografiske plasseringa er ei av årsakene til at Riise meiner Hareid er ein kommune med vekstpotensial. Infrastrukturen har blitt styrka i det siste. Når Eiksundsambandet opnar får vi tilknyting til Timeekspressen som går frå Volda til Kristiansund kvar time, og om ei stund har vi også Kviven. Næringslivet har oppdaga at Hareid ligg strategisk til både mot Ålesund, Eiksundsambandet og Vanylven. Hareid kommune må skunde seg å skaffe seg reguleringskapasitet, slik at vi får fullført dei planlagde industriområda i Hareidsmyrane, Raffelneset og på Risneset. Anders Riise poengterer at ei av dei viktigaste sakene for Hareid Høgre i komande periode blir å få fortgang i Hareid fastlandssamband. Fornufta i sambandet har lege der heile tida. No er tida komen til å trykkje på. Heldigvis har store kommunar som Ålesund, Sula og Ulstein gitt i støtte. Det same har ÅRU (Ålesundsregionens utviklingsselskap) og fylket. Målet til ordførarkandidaten frå Høgre er at det skal bli oppstart på Hareid fastlandssamband innan 2015.

Natur og kultur

Er du i ferd med å utvikle deg til ein samferdselspolitikar utan sans for kultur? Nei, det vil eg ikkje seie. Eg er glad for at Høgre var blant dei partia som satsa sterkt på å få etablert kunstgrasbanen, og Høgre vil også kjempe for å behalde Trudvang. Under reguleringa av Hareidsmyrane vil det vere naturleg å leggje inn ein infrastruktur som gjer at parkeringsplassen til Trudvang kjem på nedsida av huset. Utan ny vegtilkomst er det ikkje fornuftig å bevare huset. Eg meiner forresten at det i samband med den nye rundkøyringa på Holstad også må kome ein undergang. Større reguleringskapasitet i kommunen blir viktig, både for industriområda og nye byggjefelt. Og resten av kulturen skal få segle sin eigen sjø? Nei. Hareidsstemna, Hjørungavågspelet, Bygdetunet og Ishavsmuseet Aarvak er viktige kulturtiltak som treng økonomisk støtte, svarer Anders Riise. Hareid Rotary er i ferd med å opparbeide ein natursti langs Hareidselva. Stien skal opnast i juni og Riise meiner dette er eit døme til etterfølging. Partiet hans vil støtte liknande prosjekt andre stader i kommunen, slik at folk lett kan kome seg ut i naturen. Gangveg over Hareidseidet er eit tiltak som Høgre meiner snart må kome på plass.

Store utfordringar innan eldreomsorg

Då står vi att med eldreomsorga? Etter mitt syn har Høgre verna godt om eldreomsorga i kommunen. Men alderssamansetjinga i Hareid gjer at vi står framfor store utfordringar i denne sektoren i åra framover. Til no har eldreomsorga i Hareid vore bra, men vi kan ikkje kvile på laurbæra. Kva meiner du om kommunesamanslåing med Ulstein? Dersom fylkeskommunen blir lagt ned, må vi ha større einingar enn Ulstein og Hareid. Å slå saman desse to kommunane no vil ikkje vere nokon fordel, for det statlege finansieringssystemet ville gjere at kommunen fekk mindre pengar å rutte med. Så inntil vidare har eg mykje større tru på eit godt samarbeid over kommunegrensene, svarer ordførarkandidaten til Hareid Høgre.