For femte året på rad held talet på flått-tilfeller seg på eit jamnt høgt nivå. På legekontoret i Hareid får ein inn fleire pasientar kvar einaste dag i sommar som har fått besøk av denne blodsugaren. Men dette avgrensar seg ikkje lenger til sommarhalvåret, dei milde vinterane gjer at dette har vorte eit heilårsproblem. Det er ikkje slik at vi vil råde folk frå å ferdast ute i naturen, det går ikkje ann. Men vi vil oppmode folk om å leite på seg sjølv når dei har vore på tur, for å finne ut om dei har vorte bitne, seier Vidar Vollsæter ved Hareid legekontor. Jamnleg undersøking av born kan også vere eit effektivt førebyggande tiltak, då dei ikkje tenkjer over å gjere dette sjølve. Dessutan bør den fjernast så snart den vert oppdaga, og eit viktig poeng er at heile flåtten vert teken vekk. Ein vil få lokale reaksjonar med ein gong insektet har vorte fjerna, men dette er ikkje farleg. Derimot bør ein undersøke staden for utslett 2-3 veker etterpå, for først då kan ein sjå om ein er smitta av bakterien Borrelia, oppmodar Vollsæter. Borrelia kan i verste fall gje infeksjon i nervesystemet, men pencilin tek vanlegvis knekken på dette. Det er heldigvis få som utviklar slike reaksjonar etter kontakt med denne skapningen. Men ingen bør føle seg for trygge om dei er redde for eit bit, alle grupper har omlag lik sjanse for nærkontakt, litt avhengig av frekventeringa i skogsturar sjølvsagt. Flåtten lever i høgt gras og i buskas, med andre stadar der dei fleste kan ferdast. Men akkurat som med myggen, likar han enkelte mennesker betre enn andre, legg Vollsæter til.