Gangfelt bør vere best opplyst der dei kryssar ein veg, men det er ikkje alltid tilfellet ved dei fire gangfelta på Øvrevegen. På bakgrunn at dette tek administrasjonen opp ei sak i teknisk utval om prinsipp for lyssetjing av gangfelt på hovudvegar i kommunen. Prinsippet skal gjelde både riksvegar, kommunevegar og fylkesvegar. Målet er eit betre og tryggare miljø for alle trafikantar. Onsdag skal teknisk utval ta stilling til om gangfelt på kommunale hovudsamlevegar skal opplysast.