- Kundane våre vil alltid få svar når dei ringer oss, og systema våre blir meir driftsikre, seier administrerande direktør Einar Johansen. - Dette er ei teneste som kundane våre har etterspurt. Vi må og vil vere til stades og yte hjelp døgnet rundt. Dette gjeld også dei landbaserte kundane våre, fortel Einar Johansen, og legg til: - Skip er i operasjon heile døgnet. Uansett kva tidssone dei oppheld seg i vil dei få svar når dei ringer, og nokon tek ansvar for det kunden treng hjelp til. Viktig internasjonal tilpassing Ulstein Elektro har levert system og løysingar til skip bygde i Brasil, Dubai, Spania, Nederland, Kina og Noreg og skipa operer over heile verda. - Ulstein Elektro utviklar og produserer svært spennande og innovative produkt med stort potensial i ulike maritime marknadar. 24 timars service er difor ei viktig tilpassing i forhold til å kunne levere i desse marknadene, seier Johansen. Serviceavdeling Robert Eksund leiar serviceavdelinga. - Vi har fem servicekoordinatorar klare til å svare telefonen uansett kva tid på døgnet den ringer. Om ikkje dei har tilstrekkeleg kunnskap til å hjelpe der og då, vil servicekoordinatorane oversende saka vidare til rett instans, seier Eksund.