Sentrale personar under dåpen av "Siem Aquamarine" ved Kleven Verft tysdag. Frå v.: Terje Sørensen, adm.dir. i Siem Offshore, chief Bård Eikebø, gudmor Anne Mykland, kaptein Bjørn Erik Aas, produksjonsleiar Svein Erik Mykland i Siem Offshore og administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven Maritime. Foto: Anne Gry Eilertsen

Bygg nummer 333 ved Kleven Verft, Siem Aquamarine, er nummer fire i serien på i alt 10 skip av same type som Siem Offshore har tinga hos Kleven Maritime.

Men sjølv om skipa er av same type, VS 491 CD, designa av Wärtsilä Shipdesign, får alle sitt særpreg. Og “Siem Aquamarine” er den som hittil har skilt seg mest ut frå dei andre. Han har blant anna fått A-ramme på 250 tonn med hiv-kompensering, stand byeredningsutstyr og FiFi2 brannsløkkingsutstyr. Under testar har skipet vist ei trekkraft på 284 tonn.

Skroget vart bygt i Polen, og kom til Rovde rett før ferien i fjor, der noko av stålarbeidet vart utført. I oktober i fjor vart båten frakta på lekter frå Rovde til Kleven.

Under namneseremonien på Kleven Verft nytta administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven Maritime høvet til å takke Siem for det store oppdraget. Samle er kontrakten på dei 10 skipa eit av dei største byggjeoppdraga som har vore signert i Noreg. Før sommarferien skal Kleven levere to skip til i serien, og då er dei komne over halvvegs. Den siste skal vere ferdig frå Kleven Maritime i april neste år.

Organisasjonen som jobbar med desse skipa er stor, og Rasmussen takka Siem for eit flott samarbeid.

Gode rater i Nordsjøen

“Siem Aquamarine” skal ut i Spotmarknaden i Nordsjøen, der spotmarknaden den siste tida har blitt mykje betre enn han var ei tid.

– Reiarane får gode rater, og det er viktig også for oss som driv skipsbygging, slo Rasmussen fast. Terje Sørensen i Siem Offshore la vekt på det same som Rasmussen, at samarbeidet mellom dei to partane er svært godt. – Og sjølv om det er bygt fleire skip av same type, er skipsdåp alltid ein høgtidsdag. – På ein dag som dette er det lov å føle glede, stoltheit. “Siem Aquamarine” skal segle på hava i mange tiår, og då er kvalitet viktig.