– Med den nye verksemda vil vi satse litt lenger enn tidlegare, fortel dagleg leiar ved Møre-Bygg AS i Ulsteinvik, Einar Holsvik. Satsingsfeltet vil dermed strekkje seg frå Ulstein og Hareid, og ut mot Herøy og Sande. EIGARSKIFTE Tidlegare var Norhus i Ulsteinvik eigd av Tema Holding AS og Nor Teknikk AS. Nor Teknikk har selt seg ut av selskapet og dei nye eigarane er Greystone Vest AS, som igjen er eigd av Einar Holsvik og Odd Erik Hovden. Ved at Nor Teknikk er løyst ut, sit dei no som aksjonærar i selskapet NT Bygg/Norhus Ulsteinvik med 40 prosent. Hovudaksjonær med 60 prosent er Norhus Ørsta AS, som er ei av dotterbedriftene til Tema Holding. Dermed vert det eit namneskifte frå NT Bygg og Norhus til Møre-Bygg AS. Namneskiftet vil likevel berre omfatte kontoret i Ulsteinvik. Det i Ørsta vil framleis heite Norhus Ørsta. Holsvik fortel at han stadig opplever at NT Bygg vert forveksla med NT Bygg Geileneset AS. – Desse to selskapa har ikkje lenger noko slektskap, og vi fann det derfor nødvendig å skifte namn slik vi ikkje blir blanda saman, påpeikar han. UTVIKLAR BUSTADFELT Verksemda arbeider i hovudsak med å utvikle og byggje ut større bustadfelt, og byggjer 2- og 4-mannsbustader, men tek også på seg å byggje einebustader ved etterspørsel. Møre-Bygg AS har fleire prosjekt på gang, men mest omtalt er kanskje utbyggingsprosjektet i Hovsetbakkane i Ulsteinvik, der dei no er inne i sluttføringsfasen. ULSTEINVIK I SÆRSTILLING Salssjef, Odd Erik Hovden, meiner at Ulsteinvik lenge har vore i ei særstilling. – Marknaden for å selje nye bustader har vore god, og det har generelt sett vore for lite bustader å få tak i Ulsteinvik. Så ein kan heilt klart seie at marknaden er optimistisk, understrekar han. – Vi fekk sjølvsagt ein del spørsmål knytt til finansiering då finanskrisa var på topp, men dei bustadene som har vorte lagt ut for sal har vorte selde svært raskt. Vi la blant anna ein tomannsbustad og ein firemannsbustad ut for sal for ei tid tilbake. Dei vart selde før det gjekk ei veke, forklarar han. Og det er ifølgje Holsvik og Hovden, særleg dei sentrumsnære bustadene som ligg 300- 1500 meter frå sentrum som er størst interesse rundt. NY PROSJEKTLEIAR Møre-Bygg har tilsett Kenneth Hauge som ny prosjektleiar. – Han har arbeidd med oppføring av bustader i området her i mange år, og at vi no har tilsett han som prosjektleiar, gir oss ein særeigen tryggleik på at det faglege er på plass, fortel Odd Erik Hovden. BUDSJETTERT MED 25 I fjor selde verksemda 22 bustader, men har i år budsjettert med 25. Salssjefen forklarar at dei er svært nøgne med å praktisere god byggeskikk, og tek derfor ikkje på seg fleire prosjekt enn det dei veit dei kan utføre. – Det er klart at alle prosjekta vi tek på oss må kunne gjennomførast. Vi er sjølvsagt opptekne av å gjere ein best muleg jobb for kundane våre, understrekar han. Hovden og Holsvik ser ingen grunn til å tru at etterspørselen etter nye bustader skal endre seg med det første. – Nei, trykket er framleis stort, og eg torer nesten ikkje å seie det, men vi har tre ledige tomter for einebustader att. Eg vert vel nedringt no då, avsluttar Hovden muntert.
Nyhende →
Endrar namn til Møre-Bygg AS
NT Bygg med Norhus-kontor i Ulsteinvik har gjennomført eit eigarskifte. Det har ført til endring i både namnet til verksemda og i satsingsområdet.