- Hareidsstemna skal gi næring til nyskaping og vidare kulturarbeid, seier kultursjef i Hareid Oddbjørn Grimstad. Foto: Anne Gry Eilertsen

Opninga skjer på Hareid rådhus - samband med kunstutstillinga der. Før det vil Hareid blandakor synge ved Johan H. Grimstad-bysta - og dei mange musikantane frå Hamar som gjestar Hareidsstemna i år, vil spele i gatene.

Kultursjef Oddbjørn Grimstad meiner folk flest i løpet av veka vil finne arrangement som dei har lyst til å gå på.

– Stemnet er kompakt, med mange arrangement. Der er derfor vanskeleg å gå inn og tilrå eit spesielt. Folk må gå inn i programmet og plukke ut det dei har lyst til å vere med på, tipsar han.

Oddbjørn Grimstad meiner at det spesielle med Hareidsstemna er at den lokale kulturen får ein arena saman med store, internasjonale stjerner.

Ole Edvard Antonsen kjem til Hareid og bles inspirasjon inn i dei lokale korpsentusiastane, og volkalgruppa Pust vil heilt sikkert inspirere korfolket her i bygdene.

– Då oppstår det ei kjensle av at profesjonelle utøvarar og amatørar er opptekne av det same. Og attkjenning er limet i kulturen. Det beste utanfrå, i samspel med den lokale kulturen, gir næring til nyskaping og vidare kulturarbeid, meiner Grimstad.

I løpet av komande veke blir det kulturarrangement i Hareidhallen, ved Ishavsmuseet, Bygdetunet Vonheim og på Holesanden. Målet er at det skal bli inspirerande og givande stunder for publikum. – Og det kan vi trenge, før mørketida kjem for fullt, kommenterer kultursjefen i Hareid.

Eit høgdepunkt under årets stemne blir heilt sikkert vokalgruppa PUST sin konsert i Hareidshallen i kveld og deretter Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkorps Hamar sn konsert same stad søndag. På denne konserten deltek også eit lokalt samansett kor og lokale solistar.