Vestlandsnytt skriv at det er ei lang og komplisert reguleringssak som no er ført til vegs ende når Herøy kommunestyre på førstkomande møte skal godkjenne reguleringsplanen. Bakgrunnen for reguleringa har vore eit ønske om deling av ein familieeigedom på øya ved Kjeldsund. – Det har vore ein lang prosess og ikkje heilt utan strid og kamp, sa utviklingsleiar Hallvard Rusten då formannskapet vedtok å sende planen til kommunestyret utan merknad. Undervegs i prosessen har det både vore jordskifte og rettsforlik mellom partane. Planen viser korleis ni hyttetomter skal fordelast mellom familien på eigedomen.