Tor Meinseth (H) hadde fått i stand eit møte mellom kommuneadministrasjonen og Børge Brende for å diskutere om det fanst nokre moglege løysingar for å utvide gravplassen på Osneset, til trass for fornminnefunna. Rådmann Hans Jakob Sandanger sa dei stiller opp for kva parti det skal vere når det gjeld å kome med sakleg informasjon. Flyet til Brende var vel ein time forseinka, så ti over halv eitt byrja møtet. Det er første gong eg kjem til Ulsteinvik og byrjar med å vitje gravplassen, humra Børge Brende.

Fleire ministermøte

Børge Brende fekk ein kronologisk gjennomgang av kva som hadde skjedd i saka. Frå kommunen i 1998 starta opp reguleringsplanarbeidet for å utvide gravplassen, via fornminnefunna, til kommunen fekk kjempa seg til nokre ekstra mål og dit saka stod i dag. Jan Berset var på møtet frå Høgre og Olav Sæter var på møtet som kyrkjeverje. Båe fekk fortald om møta sine med miljøvernministeren. I 2002 var Jan Berset ordførar i Ulstein. Då reiste han til Oslo og hadde møte med Børge Brende som på den tida var miljøvernminister. Berset fortalde om kor god dialog han og Brende hadde hatt. Men så kom det regjeringsskifte, og då fekk kommunen nei frå departementet. Berset understreka at han ikkje visste korleis det ville gått om Brende heldt fram som ordførar, men han såg ikkje vekk ifrå at utfallet kunne vorte annleis. Børge Brende vart etterfølgt at miljøvernminister Knut Arild Hareide frå KrF. Kyrkjeverje Olav Sæter fortalde at som varaordførar hadde han møte med partikollega og miljøvernminister Hareide. Grunnen til at miljøvernministeren i si tid avslo søknaden frå Ulstein kommune, var at han ikkje kunne gjere anna når fagmiljøet gjekk i mot.

Fremje ny sak

Utfallet av møtet var at Børge Brende rådde Ulstein kommune om å fremje saka på ny. Denne gongen med planar om å stille ut nokre av funna å glasmonter, så fleire kunne få glede av funna. Han meinte argumenta var sterke for å la kommunen få byggje ut gravplassen, til trass for fornminna. Eit samrøystes kommunestyre står bak dette ønsket og folk i Ulstein kommune har identiteten sin knytt til kyrkjegarden på Osneset. At mange har sterke kjensler knytt til Osneset, kunne kyrkjeverje Sæter skrive under på. Det er her snakk om ein kyrkjegard, ikkje noko kjøpesenter. Ein miljøvernminister som er teolog bør skjøne dette, uttalte Brende og sa at kyrkjegardar stiller i ein annan kategori. Til kyrkjegardar er det knytt sterke kjensler. Mange vil liggje på same kyrkjegard som resten av familien. Brende meinte det ikkje er urimeleg av kommunen å be staten betale delar av utgravinga. Om kommunen kjem med eit slikt utspel, vil eg følgje opp saka i departementet og med statsråd, lovde Brende.

Kloke råd

Kva kan du gjere med utvidinga av gravplassen på Osneset når du ikkje er miljøvernminister? Som sagt kan eg ta det opp med miljøvernministeren. Så kan eg håpe at ho lyttar på kloke råd frå ein forgjengar, smilte Brende. Og la til at han meiner det er fornuftig av kommunen å fremje saka på ny og prøve ein gong til.

Ikkje kontakt med grasrota

Etter ein svipptur innom den mykje omtalte gravplassen gjekk ferda vidare til Ulstein Verft. Ti på to svinga Tor Meinseth inn på parkeringsplassen til Idar Ulstein. På styrerommet vart følgjet frå Høgre teke i mot av Gunvor Ulstein og Tore Ulstein. Gunvor Ulstein starta med å snakke om kor viktig samferdsle er for regionen vår. Ho trudde at folk synest det er heilt greitt å betale skatt om pengane går til veg og likande, så dei ser at pengane blir rett brukt og ikkje berre forsvinn. Konsernsjefen sa vidare at ho er samd med Høgre i at dei har ein god politikk, men alt for få har forstått dette. Ho kritiserte Høgre for å vere fot lite flinke til å presentere politikken sin. Leiinga i Høgre er for langt unna grasrota, dei må forklare politikken så folk forstår han, var den klare meldinga frå Gunvor Ulstein. Børge Brende repliserte med at han ikkje sit i leiinga i Høgre. Men han forstod kva Ulstein snakka om. Han meinte politikk i for stor grad dreier seg om å korleis ein skal fordele kaka, ikkje korleis ein skal bake ei større kake.

Sosial dumping

Gunvor Ulstein meinte Høgre burde gå tøffare ut mot retorikken til regjeringa om sosial dumping. For ho var usamd i at det er sosial dumping når utanlandske arbeidarar kjem til verfta og arbeider. Her fekk ho støtte frå broren Tore Ulstein. Utanlandske arbeidarar som kom til verftet og jobba fekk derimot heva levekåra sine, sjølv om dei ikkje tener like bra som nordmenn. Lavkostarbeidsplassane sikrar norske arbeidsplassar, hevda Tore Ulstein. Det handlar ikkje om sosial dumping. Det er så gale framstilling at dei kan sparke beina under norske arbeidsplassar, stod Gunvor Ulstein fast på.

Utdanning i India

Børge Brende og resten av høgrefolka fekk ein gjennomgang om korleis dei arbeider i Ulstein Verft. Gunvor og Tore Ulstein snakka om kor viktig det er å vere eit steg føre dei andre når det gjeld teknologi og design. Men dei er ikkje imponert over satsinga til politikarane når det gjeld satsing på utdanning i den maritime næringa. Me etterlyser ikkje universitet i kvart eit fylke. Då er me red kvaliteten blir for dårleg, for det blir så smått. Då vil me heller ha nokre gode satellittar, sa Gunvor Ulstein. Ja, det treng ikkje liggje i Noreg. Det hadde vore fint, men det kan godt liggje i India, la Tore Ulstein til. Det viktigaste for han var å få eit så godt universitet at dei beste i heile verda søkte seg dit.

Solskinshistorie

På spørsmål om kvifor han tok seg tid til å vitje Ulstein verft på tampen av valkampen svare Børge Brende at verftet er ei solskinshistorie. Ulstein verft er ei solskinshistorie både når det gjeld å skape arbeidsplassar og utvikle ny teknologi. Då eg var her som næringsminister i 2004 vart eg imponert. No ville eg sjå korleis det går med dei, svarer Brende og legg til at han er oppteken av forsking og utvikling innan det maritime.

Jan Berset, Børge Brende, Olav Bratland og Tor Meinseth på kyrkjegarden på Osneset. Brende meinte det var ein flott kyrkjegard.