Professor Trond Bjørndal er tilsett i en stilling som professor II ved Høgskolen i Ålesund

– Bjørndal vil vere en god støttespelar og kontakt når IIM vender seg til utanlandske samarbeidspartnarar for eit tettare samarbeid om mastergradstilbod. I tillegg vil han gjennom undervisningsopphald gi viktig kompetanse til høgskulen, seier instituttleder Åse Mørkeset ved IIM.

Bjørndal, som opphavleg kjem frå Ulsteinvik, er direktør ved Centre for the Economics and Management of Aquatic Resources (CEMARE), University of Portsmouth og gjesteprofessor ved Imperial College London.

Han har doktorgrad i økonomi frå University of British Columbia. Professor Bjørndal var inntil nyleg styreformann ved World Fish Centre med hovudkontor i Penang, Malaysia, som arbeider for fiskeri- og akvakulturutvikling i utviklingsland.

Han har hatt mange oppdrag for internasjonal organisasjonar som FNs Matvare og Jordbruksorganisasjon – FAO, OECD og Verdsbanken.

For tida er Bjørndal leiar for eit større internasjonalt prosjekt i FAO-regi om handel med fisk og fiskarprodukt og matvaretryggleik.