23. februar 2008 var ein historisk dag på Søre Sunnmøre. Herøy, Sande, Ulstein og Hareid var inntil opninga av sambandet den største regionen i Norge utan tilknyting til fastlandet. Sidan opninga har folketalet i regionen auka frå 22.000 til over 25.000.

I fjor sommar, berre seks år etter opninga, var bru- og tunnelsambandet nedbetalt. Og det heile ni år før tida. Onsdag er det generalforsamling i Eiksundsambandet AS, der den einaste saka på saklista er nettopp avslutning av sjølve bompengeselskapet.

- Vi er ikkje lei oss for at selskapet blir lagt ned, for å seie det slik. Formålet er oppfylt, ni år før tida, seier dagleg leiar Svein Nærø til smp.no.

Pengane som stod att på bok, vel 12 millionar kroner, blir overørt til Statens vegvesen, og skal nyttast til vegprosjekt i kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Ørsta og Volda.