Oppmøtet er etter arbeidstid måndag på Overåsanden. Der blir dei frammøtte delt opp i lag og roder.

Denne måndagen vil dei rydde strekket frå Raffelneset til Hjørungavåg. Jo fleire som kjem, jo større område blir rydda.

Sverre Jarl Ulstein, som er president i Hareid Rotary, håpar at dei blir så mange at dei også får rydda oppe ved bilvegen utover til Overåsanden/Hjørungavåg.

– Det blir sett opp bossekker på parkeringsplassen mellom Raffelneset og Overåsanden. For kvar sekk som blir fylt med plast og anna avfall som ligg slengt i strandområdet har Sparebank 1 lovd å betale Hareid Rotary 100 kroner, fortel han.

Pengane skal gå til vedlikehald og tiltak på Rotarystien, og kjem såleis alle innbyggjarane til gode.

Dugnaden på måndag er for alle som er interesserte i å gjere ein innsats for miljøet og Hareid.

Sosial samling etterpå

Jarl Sverre Ulstein tipsar om at det kan vere lurt å ta på seg godt skotøy for dei som vil vere med på ryddeaksjonen.

Ta gjerne med ei rive i metall for å få opp plasten og skrotet.

Etter ryddeaksjonen blir det ei sosial samling på Overåsanden med kake og kaffi.

Måndagskvelden er det meldt sol, vindstilt og seks plussgrader, så det kan bli ein fin vårkveld.