Oskar Garnes frå Ulsteinvik, som driv Serieantikvariet i Ålesund, har kjøpt mesteparten av dei gamle  vinylplatene til humoristen Per Inge Torkildsen, skriv Sunnmørsposten.

Dermed har ca. 1250 plater, fordelt på ca. 700 lp-ar og 550 singlar, kome på plass i lokalet til Oskar Garnes i sentrum av Ålesund.

Platesamlinga er nyst komen til Ålesund, så Garnes har ikkje hatt tid til å sjå skikkeleg gjennom skattane, men han meiner der er mange godbitar, spesielt frå 60- og 70-talet. Blant anna fleire sjeldne Pussycats- og The Beatles-plater.

Kjøp og sal

Serieantikvariatet kjøper og sel primært eldre teikneseriar, originalteiknarar til teikneseriar, bøker, magasin og flimplakatar. Men dei har også eit stort utval av brukte vinylplater, cd-ar og dvd-ar.

Butikklokalet ligg i Storgata, men Garnes har eigen nettbutikk og sel over heile verda.