Det var mange kritiske røyster i Levekårsutvalet mot endringa av Snoezelen-tilbodet i Ulstein, men Egil Ulfstein såg ikkje det store problemet. Han lurte på om det hadde gått prinsipp i denne saka.

Han viste til at kommunen har gjennomført store investeringar siste åra. No jobbar kommunen med ein omstillingspakke for å få ned kostnadene. Det er ikkje snakk om å leggje ned Snoezelen, men å vidareføre tilbodet i andre lokale. – Me har eldre som bur på vaskerom, skuleborn som får undervisning i brakker og eldre som har søkt om omsorgsbustader utan å få det, ramsa han opp som døme på at det er fleire område i kommunen det ikkje står så bra til.

– Det står ikkje nokon plass her at dei vil få eit dårlegare tilbod, sa Ulfstein og viste til sakspapira til møtet. Han syntest det er flott med engasjement, men det er mange etatar som må spare. Til argumentet om at golvflisene på Snoezelen i Holsekerdalen 24 er for harde til å drive krypetrening, meinte han at dei kan leggje ut nokre matter. Det kunne ikkje vere eit problem.

– Ikkje like bra tilbod

Kersti Hasund (SV) var samd i at det er viktig at dei tenkjer på økonomien til kommunen, difor foreslo ho å få med eit punkt i vedtaket om at dei bør selje tenester til nabokommunar og ulike grupperingar som kan vere interesserte. Ho har vore på synfaring til båe stadene, og var ikkje samd i at tilbodet blir like bra ved ei flytting.

Trond Berg (KrF) meinte saka handla om meir enn flytting, det blir ikkje same tilbodet i Holsekerdalen 24 som på Reiten. Bygget er bygt annleis.

– Her må det vesentlege endringar til, ikkje berre nokre matter, meinte han.

Oppvekstsjef Gry Nordal presiserte at Snoezelen i Holsekerdalen 24 ikkje er ferdig innreidd, dei har venta på politisk vedtak i denne saka.

PPT tilrår ikkje Snoezelen

Leiar i PPT, Ingrid Evebø Haug, forklarte utvalet om kvifor dei ikkje tilrår spesialpedagogisk undervisning på Snoezelen. Dei vil at førskule- og skuleborn skal få undervisninga si på skulen dei går på, og helst i klasserommet saman med dei andre. Det har vore ei historisk utvikling der dei har gått fram segregering til inkludering.

Dette syntest utvalsmedlemene var interessant å høyre om, og ein fin bodskap. Men kanskje ikkje samd i pedagogikken. Marianne Breivik (Ap) sa at det tidlegare var trengsel på Snoezelen på Reiten, for mange spesialpedagogar såg at det fungerte godt å leggje undervisninga si dit. Ho kjende også til mange andre tilbod som barn med spesielle behov kan få utanfor skulen, som timar i varmtbadet, skal det bli slutt på det også?

Sjølv om orda om inkludering er fine, har ikkje skulane gode nok fasilitetar i dag til at alt kan gå føre seg på skulane. Ungar lærer på ulike måtar, det må ein ta omsyn til, tenkte Breivik.

Hasund sa at det er kanskje ikkje alle som lærer best i ein klasse, nokre treng ro og å ha det stilt rundt seg. Er det ikkje då ein fordel at dei får dra på Snoezelen? Men Haug meinte at det kan dei få til i skule og barnehage også, til dømes inne på eit lite grupperom. Ho meinte det er veldig sjeldan at eleven treng å vere ute. Dei bør heller vere inne i fellesskapen. Det er gjerne nok å ta dei ut berre nokre minutt, hevda Haug.

Etter ein del ordskifte vedtok Levekårsutvalet samrøystes at dei vil ha saka betre greidd ut til 3. oktober. Dei ber administrasjonen greie ut kva endringar som må gjerast på bygningsmassen i Holsekerdalen 24 så ein får eit fullverdig Snoezelen-tilbod. Dei ber også administrasjonen sjå på mogleg sal av timar til nabokommunar og andre grupper av befolkninga. Levekårsutvalet forventar at fagpersonell frå Kompetansesenteret og USAS blir involvert i prosessen.