Foto: Hege Holstad og Ruth Flø Paulsen

Mellom 30 og 40 kroppsøvingslærarar frå heile Møre og Romsdal var denne veka i Ulsteinvik.

Lektor i idrettsfag ved Ulstein vidaregåande skule, Hege Holstad, fortel at opplegget var ein del av planlegginga av det komande skuleåret.

- Ein dag kvar haust reiser lærarane til ulike stader i fylket på kurs, der vi møter andre som underviser i same fag, fortel ho.

I år var det idrettslærarane på UVS som fekk i oppgåve å halde denne fagdagen.

Lærarane var både i Ulstein Arena og i Ulsteinhallen.

I Ulstein Arena fekk dei testa seg i "Mesternes Mester" og fleire ulike aktivitetar i klatrehallen.

I Ulsteinhallem hadde dei dans, badminton og volleyball.

- Eg håper det er mange inspirerte kroppsøvingslærarar som reiser heim til sine skular med ny motivasjon og mange gode idear til kroppsøvingaktivitet i det nye skuleåret, seier Hege Holstad.