Dei fleste som har små born har høyrd om då dei tre bukkane bruse på veg til seters fann ut at dei skulle dra til badeland i staden. Sidan Bjørn F. Rørvik gav ut denne boka i 2009 har dei blitt ei av dei mest populære biletbøkene i Noreg.

No har Barneteatret Vårt laga teater av denne historia. Dei har med kjende skodespelarar som Ina Breivik, Ørjan Liavåg og Wilhelm Støylen.

Fredag 7. november kjem dei til Sjøborg kulturhus med familieframsyninga si.

Det er alt lagt ut billettar for sal.