Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sendt krav til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS om at avfallsdeponiet på Eidet må avsluttast. Dei har også sendt krav om etterdrift.

All forureining frå deponiet er uønska. Driftsansvarleg pliktar å redusere utsleppa så langt det lar seg gjere utan urimelege kostnader.

Eidet avfallsdeponi vart etablert i 1994 og avslutta i 2009. Fylkesmannen fekk sendt etterdriftsplan for avfallsdeponiet i desember i fjor. Avsluttinga av deponiet har ikkje vore styrt av ein plan, skriv Fylkesmannen. I den innsende planen var det ikkje sendt med kart eller skjematisk framstilling av toppdekke. Fylkesmannen vil ha betre dokumentasjon på kva som skal gjerast.

Frist for endeleg avslutting av heile deponiet er 6. juni 2015. Skildring av utført toppdekke og plan for vidare avslutting er 12. desember 2014. Deretter vil han på inspeksjon.