Sporstøl Arkitekter og siv. ark. Georg Grimstad frå Bucci Arkitektur og Design har på vegner av Naustneset As laga ein privat detaljreguleringsplan for Vollane i Ulstein kommune.

Planområdet er på 12,3 daa. På dette området er det i dag rekkjehus og hybelbygg med til saman 28 bueiningar. I dei nye planane blir det 32 bueiningar innan planområdet. Då blir det ei blokk, tre tomannsbustader og eit rekkjehus.

Treng ikkje området til gravplass

Området Vollemarka har tidlegare vore eit av dei aktuelle områda for framtidig utviding av gravplassen på Osnes. Men kommunen vurderer det som at dei ikkje treng dette arealet til gravplass.

Teknisk utval har vedteke å leggje ut framlegg til detaljregulering for Vollane til offentleg ettersyn.

Høyringsfristen er sett til 4. juli.