Mørenett melde i kveld om at fleire abonnentar på Søre Sunnmøre var utan straum i kveld. Og det er vinden som får skulda.
Like før klokka åtte i kveld forsvann straumen i Hareid sentrum, Brandal og Hareidsdalen. Ti over åtte fekk abonnentane straumen tilbake. Men alt fem på halv ni forsvann straumen igjen i same område. Mørenett starta opp feilsøking. Kvart på ni var det berre abonnentane i Hareidsdalen som framleis mangla straum. Og like før klokka halv ti fekk dei att straumen i Hareidsdalen.
Herøy og Sande
Vidare melderMørenett om at ein forbigåande feil på linja mellom Hareid og Håheim (kl 19.40) førte til utkopling av store delar av Herøy og Sande. Like før klokka ni var det kortvarig utfall på strekninga Leinøy, Remøy og Runde. Alle skal no ha fått igjen straumen.
Volda
I Volda kommune var Dalsfjorden utan straum. Der forsvann straumen litt over halv åtte i kveld. Mørenett melder at feilretting vil pågå i løpet av natta. Klokka 19:52 fekk Steinsvik-området straumen tilbake. Treneset - Dalsfjorden mangla framleis straum. Mørenett varsla om at montør var på veg for å dele opp nettet, men at ein del kundar ville bli utan straum pga stengt veg.
Klokka halv ti kom det melding om at Dalsbygda har fått straumen tilbake. Fjøsneset får ikkje straumen tilbake før tirsdag føremiddag grunna stengt veg.
Tre over kraftlinje
Like over ni i kveld vart det observert eit tre over kraftlinja ved Hjørungavåg bedhus.
Det kan nok vere lurt å lade mobilen og ha stearinlys, fyrstikkar og ved klar om straumen forsvinn.