Difor vert det truleg ein sesong 2 av serien, som er spelt inn på Hareidlandet.

– Det ser veldig bra ut, eg meiner det er ein både underhaldande og spennande serie, seier Køhn.

– Vi er veldig spent på korleis sjåarane vil ta imot Heimebane. Men allereie no har vi gitt serieskaparane beskjed om å førebu ein sesong 2, det vil seie skrive manus og førebu det praktiske, seier Ivar Køhn.

NRK har brukt sytti mllionar kroner på den første sesongen, og Køhn reknar med at ein ny sesong vil koste cirka det same.