Orten (50) blei innvald på Stortinget i 2013 og sat i samme komité også førre periode.

- God infrastruktur er avgjerande for norsk konkurransekraft og ein viktig føresetnad for å skape nye og fleire lønsame arbeidsplassar i åra som kjem, seier Helge Orten i ei pressemelding frå Høgre si stortingsgruppe.

Orten meiner at regjeringa og Stortinget vedtok ein ambisiøs Nasjonal Transportplan (NTP) før sommaren.

- No handlar det om å halde fram med det gode arbeidet med å byggje veg og bane raskare og meir effektivt, redusere forfallet og gjennomføre alle dei gode prosjekta i NTP. Eg gler meg til å ta fatt på denne viktige oppgåva, seier Helge Orten.