Hareid kommunestyre starta møtet sitt torsdag klokka 12.00. Ei av dei første sakene som var på saklista var ei undersøking der Søre Sunnmøre Kommunerevisjon har avdekt stor tilsynssvikt i Hareid og Ulstein sine barnevernssaker.
Då ordføraren skulle til å avslutte saka, vart han brått avbroten av ein mann som tok ordet frå galleriet i kommunestyresalen.
Mannen hevda at den knusande kritikken som kom fram i kommunerevisjonen sin kontroll var ufullstending.
- Kven sine ungar skal bli dei neste? sa han blant anna.
Å ta ordet på denne måten er heilt utanfor reglementet, og ordførar Riise var rask til å bruke klubba. Han klubba fleire gonger, men mannen heldt fram med å bere fram protesten sin like vel. Etter om lag tre minutt varsla ordførar Anders Riise av han løyste opp kommunestyremøtet, og han bad kommunestyremedlemene om å gå ut av salen.
Det vart gjort. Mannen på galleriet avslutta då innlegget sitt og gjekk fredeleg ut.
Etter om lag 10 minutt vart kommunestyret sett igjen.