Hans Geelmuyden, som er konsernsjef i PR-byrået Geelmuyden. Kiese og ein landskjend PR-ekspert, har fått med seg saka kring Glen Børge Løset Flø. Ulstein kommune anka dommen som kom etter at saka var oppe i Sunnmøre tingrett i oktober i fjor, og onsdag denne veka blei kommunen dømt igjen.

Då Vikebladet Vestposten kontakta Geelmuyden denne veka, var han klar på at handsaminga til Ulstein kommune når det kjem til omdøme og PR ikkje har vore heldig.

- Mykje tyder på at kommunen ikkje har tenkt igjennom kommunikasjonskonsekvensane av å anke. Eg tenkjer at det skuldast manglande kunnskap om kommunikasjon og innbyggjardialog, seier Hans Geelmuyden til Vikebladet Vestposten.

Geelmuyden meiner at kommunen har all mogleg rett til å prøve saka for retten.

– I slike saker er sympatien min alltid på enkeltmennesket si side. Ulstein kommune er i sin fulle rett til å få saka rettsleg prøvd. Det same gjeld ved ein eventuell anke til Høgsterett. Ein skal aldri tenkje omdømerisiko når ein bestemmer seg for å ta ei sak til retten, men i ei sak som denne må kommunen også tenkje gjennom korleis ein skal kommunisere med innbyggjarane og storsamfunnet. Dette er ei sak som interesserer og involverer fleire enn Løset Flø og kommunen, seier Hans Geelmuyden.