Statoil har tinga assistanse frå konsulentselskapet som har spesialisert seg på DP og FMEA-tenester for skip og offshore over heile verda.
Oppdraget for Statoil gjeld to heilt nye oljeriggar som den norske oljegiganten har leigd inn frå det kinesiske riggselskapet COSL (Chinese Oil Services Limited). Sebastian AS skal utføre tredjeparts verifikasjon av DP og FMEA på to av riggane deira.
- På dette oppdraget er vi Statoil sine representantar og har som oppgåve å sikre at alle system verkar som dei skal, og at mannskapet klarer å handtere tekniske og operasjonelle utfordringar om bord. At Statoil vel å kjøpe desse tenestene frå Sebastian AS, tek vi som ei tillitserklæring, seier dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy.
Sebastian AS har i fleire år jobba bevisst for å utvikle ekspertisen deira innafor nettopp desse områda. Visjonen til konsulentselskapet med base i Ulsteinvik er å vere best på kompetanse og kvalitet knytt til det å sikre maritime operasjonar.
- Vi opplever stadig aukande oppdragsmengde, og søkjer no etter dyktige medarbeidarar for utvide verksemda vår, avsluttar Bjøringsøy.