Mange foreldre køyrer borna sine til skule om morgonen. Utanfor Hareid skule har det skjedd mange “nestenulykker”, og onsdag, torsdag og fredag i denne veka vil det bli aksjon, med politiet til stades.
Elevrådet, FAU og skulen vil desse dagane ha kampanje for Trygg skuleveg. Bakgrunnen for kampanjen er dei mange nestenulykkene som skjer ved bringing av borna til skule om morgonen. Spesielt no i den mørke årstida med glatte vegar i området er det svært viktig at bilane køyrer varsamt ved skuleområdet.
Både onsdag, torsdag og fredag morgon vil elevar og føresette vere vakter i av- og påstigingsområdet. Og politiet vil også vere til stades.
Alle føresette har fått skriv
Det er sendt ut skriv om kva som skal skje til alle føresette. Skrivet er underteikna Bente A. Pilskog, leiar i FAU, Jenny Holstad, leiar i elevrådet og rektor Hege Tretnes. Dei oppmodar om at elevane går eller syklar til og frå skule.
- Det er i seg sjølv ein svært helsefremjande faktor i ei tid der dei aller fleste undersøkingar viser at svært mange av dagens born er for lite i aktivitet. Skulle det likevel vere naudsynt å køyre borna til skulen så set dei helst av i øvre del av Drammensvegen. Det er truleg ikkje naudsynt å køyre dei heilt fram, står det i brevet.
Dei peikar på at området for av- og påstiging ikkje skal nyttast til parkering. I dette området skal det berre vere ein kort stopp slik at elevane får hoppe av eller på.
- Dersom nokon må parkere skal de nytte plassane på venstre side i området for av- og påstiging, mot Drammensvegen.
Både elevrådet, FAU og tilsette ved Hareid skule meiner trafikksikering er i viktig sak, og dei oppmodar alle føresette om å støtte kampanjen. Målet er å sikre borna ein trygg skuleveg.