Herøyelevane har tidlegare fått best karakterar på Ytre Søre i lesing.

Herøyelevane får snittkarakteren 2,0, som tilsvarar landsgjennomsnitten og er 0,1 over fylkessnitten (1,9). Sidan herøygutane får 2,1 og -jentene 2,0, er det altså ein sterk 2-ar.

Deretter får Ulstein-elevane 1,9 - Hareid- og Sande-elevane 1,8 og 5.-klassingane i Vanylven 1,7. Gjennomsnitten i Møre og Romsdal er 1,9.

Jentene er jamnt over litt flinkare enn gutane i rekning i fire av dei fem kommunane. Berre i Herøy reknar gutane betre enn jentene.