Frå 9. til 23. august har ti ungdomar delteke på Rotary si internasjonale ungdomsutveksling med opphald i Land og i Herøy.
– Det er tre sommarutvekslingar til Noreg, i Larvik, Stavanger og Herøy. 35 ungdomar tek turen til Noreg, medan 23 reiser ut på utveksling, fortel John Stennes som er koordinator for ungdomsutvekslinga.
Totalt arrangerer Rotary om lag 100 tilsvarande utvekslingsleirar rundt om i Europa.
Norske aktivitetar
Onsdag hadde gruppa med tilhald i Herøy ein rundtur i Ulstein og Hareid, der dei mellom anna var på vitjing hjå Ulstein Verft, Jets, Kvitneset og Ishavsmuseet på Brandal.
– Vi har fått vore med på mange norske aktivitetar, ler Anna Dai frå Sveits og Jakob Jurkosek frå Slovenia, og nemner at dei har fått prøve å bygge gapahuk og fiske.
– Det byrja med tre dagar i fjella, noko som var ei flott oppleving. Alle lukta like ille, så det var ingen grunn til å ikkje kome overeins, spøkar Jurkosek.
Etter dagane i fjellet og nokre dagar hjå vertsfamiliar på Land, gjekk turen vidare til Herøy, der ungdomane bur saman i eit hus.
– Alle har det veldig bra saman. Det har vorte som ein stor familie, der vi kan ha det moro og tulle med kvarandre. Vi utviklar venskap som kan vare livet ut, og det er takka vere Rotary, slår Anna og Jakob fast.
Likar Skandinavia
For Jurkosek er ikkje sommarutvekslinga det første møtet med Skandinavia.
– Eg deltok på ein leir i Finland i fjor og skal byrje å studere i Sverige til hausten og eg kom også til Noreg ei veke før utvekslinga tok til.
Anna Dai har også vore i Noreg tidlegare, men årets leir er den første ho deltek på.
– Programmet var svært attraktivt. Vi får lære om landet, historia og folket, samt at vi besøker lokal industri og lærer alle hemmelegheitene deira, smiler ho.
– Desse utvekslingane er svært populære og vart fullteikna på kort tid, skyt John Stennes inn.
Unike opplevingar
– Ein av dei flotte tinga med desse leirane er at ein får oppleve ting som ein aldri hadde fått vere med på om ein reiste på eiga hand. Mogelegheitene på ein slik sommarleir kan ikkje samanliknast med vanlege reiser, meiner Jurkosek.
Vidare fortel han at den beste opplevinga så langt har vore dagane i fjella.
– Det var ingenting som distraherte, ikkje trådlause nett eller nokon ting. Sosiale medium og slike ting kan gjere slik at ein blir fjernare frå dei rundt ein, men sidan vi ikkje hadde tilgang på slikt, så vart vi knytte tettare saman.
– For min del har det vore industribesøka til bedrifter som Ulstein og Havyard som har vore høgdepunktet, fortel Anna Dai.
– Eg skal byrje å studere for å verte ingeniør, men eg var ikkje heilt sikker på om eg kom til å like det. Etter å ha sett alle mogelegheitene ein har som ingeniør, så har eg likevel fått pågangsmot til å ta til på studia.