MarinTeknikk har inngått kontrakt om leveranse av design- og engineering til OttoCandies LLC i Des Allemands, Louisiana, USA. Skipet skal byggast på reiarlaget sitt eige skipsverft, Candies Shipbuilders. Skipet er eit nytt design fra MarinTeknikk og har nemninga MT6020.
Dettedesignet er ei nyutvikling frå Marin Teknikk og er ei vidareføring averfaringane verksemda har fra ein serie med MT6016-design som det har vorte bygd meirenn 20 av dei siste 8 åra.
Det nyeskipet har ei lengde på 102m og ei breidde på 20.6m.
Fartyet erutrusta med ei 150T kran samt 2 ROV’ar (ubemanna ubåtar) som kan operere nedtil 3000 meter.
Skipet er innreidd for 90 personar og designet er i tilrettelagt dei siste reglane når det gjeld både stabilitet, tryggleik og utslepp av forurensing.Det tilfredsstiller også dei siste kravafor skadestabilitet, noko som gjer at kan skipet kan arbeide i alleområde i verda der det i dag vert drive leiting eller utvinning av olje oggas.
Den nyekontrakta er eit resultat av eit målmedvite arbeid mot marknaden i USA og særskild mot dette reiarlaget over flere år.
Positiv markering
- Reiarlaget har sett at våre skipsdesign har markert seg positivt både iMexico Gulfen og andre havområde, seier administrerande direktør i Marin Teknikk, Svein-Rune Gjerde.
Han syner til at innsatsensom tre av Marin Teknikk sine skipsdesign bidrog med under oljeutblåsinga i Mexico Gulfen i2010 var med på å auke interessa.
- Det harvore eit svært interessant arbeid der vi har fått innsyn i tankagangen bak driftinga av slik tonnasje. Vi har mykje til felles,men på enkelte område kan vilære av kvarandre. Dette har vore ei interessant erfaring å ta med seg iløpet av den prosessen vi har lagt bak oss med reiarlaget, tykkjer Svein-Rune Gjerde.
Skipeter meint å skulle operere i USA-delen av Mexicogolfen og må diforbyggast i USA.
- Vi ersærleg glade for å kunne signere denne kontrakta, då det er den første forMarin Teknikk i USA, seier Gjerde.
Han fortel at dette er eit gjennombrot i ein marknad som det har vore historisk vanskeleg forandre enn amerikanske aktørar å operere i.
- Det er ei stadfesting på at norskskipsdesign har eit svæt godt omdøme ute i verda, seier Gjerde som reknar med at dette vil opne for høve til fleire avtalar seinare.
Flerenorske utstyrsleverandører er inne med høve til leveranser til prosjektet.
MarinTeknikk har dei siste månadene tilsett 10 nye ingeniørar der åtte er henta fråutlandet, alle desse har flytta til Sunnmøre.
MarinTeknikk består i dag av 54 tilsette i Norge i tillegg til 11 ingeniørar i eit heileigdselskap i Polen.