Fungerande sokneprest i Hareid, Jens Terje Johnsen (bildet), held si siste preike som “hareidsprest” når det blir kalla inn til Midnattsmesse i Hareid kyrkje klokka 21 31. desember.

Johnsen tok med seg “sakene sine” frå prestekontoret på Hareid i går og skal no installere seg i Vanylven der han skal vere fungerande sokneprest i tida framover Johnsen har vore sokneprest i Hareid i nesten eitt og eit halvt år.

Før det vikarierte han også ein del for Mikal Møgster, som var sjukemeld ei tid. Johnsen har heile tida budt i Fosnavåg - noko han sjølv har sagt ikkje er noko god løysing for Hareid, som har lyst etter ny prest med søknadsfrist 31. desember.

Kva tema Johnsen vil ta opp under midnattsmessa har han enno ikkje fått tid til å tenke på.