Trygve Holm er på eit ekstraordinært årsmøte vald til ny styreleiar for Ishavsmuséet Aarvak.

Holm er fødd og oppvaksen på Hareid, men flytta til Ålesund i 1981 og vidare til Langevåg, der han har budd sidan.

Han er aktiv innan politikk, kultur og idrett i Langevåg. Holm har blant anna i ei årrekkje vore primus motor for Vonløypa og fjelløpet Varden opp. Han sit som varaordførar på sjette året (Arbeidarpartiet), og har bak seg 12 år som fast representant på Fylkestinget. I dag er han vara.

Trygve Holm tek over som styreleiar for Ishavsmuséet Aarvak fordi Willy Nesset uventa trekte seg midt i ein valperiode. I mellomtida har Harald Knutsen vore konstituert leiar.

Sjølv Trygve Holm ikkje har budd på Hareid sidan 1981, fortel han at røtene til Hareid er sterke, og at han i alle år har vore svært interessert i det som skjer ved Ishavsmuséet.

Han har bak seg 9 turar i ishavet, to av dei om bord i ishavsskuta Aarvak.