I grunngjevinga heiter det mellom anna:
Alv Ottar Folkestad har i ei årrekkje vore ein uredd og fagleg sterk talsmann for naturvernet generelt, og fuglevernet spesielt. Han har særleg engasjert seg i Norsk Ornitologisk Foreining, der han har vore leiar på landsplan i fleire periodar. Han har drive på med ulike registreringsarbeid, og har særleg arbeidd med Prosjekt Havørn i NOF. Dei har m.a. vore med på å reintrodusere havørn til Skottland og Irland.
Folkestad er ein god pedagog og foredragshaldar, og har bidrege til folkeopplysninga gjennom faste radioprogram på NRK Møre og Romsdal. Han blir kjenneteikna gjennom ein svært høg detaljkunnskap om både artar og geografi i Møre og Romsdal. Han er ikkje skoren for tungebandet, og er ein skarp debattant.
Miljøprisen vert delt ut under fylkestinget i desember.