12 år gamle Åsa Hauge frå Ulsteinvik donerte førre torsdag håret sitt til organisasjonen Little Princess Trust. Dette er ein veldedig organisasjon i Storbritannia som produserar parykkar av ekte hår til born som har mista håret som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom.

Åsa har lenge hatt lyst å klippe håret og likte tanken på å gjere ei god gjerning samtidig.

– Eg hadde sikkert ikkje klipt det like kort om eg ikkje skulle donere det bort. Men eg har lyst å klippe meg og syns det er bra at eg kan donere det bort til ei god sak, fortel Åsa.

Det var mora hennar, Charlotte Hauge, som oppdaga at ein kan donere håret sitt til slike formål. Ho fortalte det til Åsa som tykte det var ein god idè. Dei valte Little Princess Trust fordi alle parykkane går til born som har mista håret sitt. Mor Charlotte seier at å vere sjuk må vere vanskeleg nok i seg sjølv, om ein ikkje skal miste håret i tillegg. Det er heller ikkje alle familier som har råd til å kjøpe ein parykk av ekte hår. Difor donerer Little Princess Trust bort parykkane for å hjelpe borna i ein slik tung situasjon.

– Grunnen til at vi gir vekk håret til ein organisasjon i Storbritannia, er fordi at born frå familier med knapp økonomi, vil da ha ein moglegheit til å få seg sponsa ein parykk. I Noreg har vi denne moglegheita, fortel Charlotte.

Etter å ha sett facebooksida til Little Princess Trust og sett alle borna som har delt bilete av seg sjølv med historier som kan røyve sjølv eit steinhardt hjarte, var det ikkje tvil, legg Charlotte til.

- Vi ville og vere med å bidra til at ei lita jente på fire år kunne få seg ein hårmanke prinsesse verdig, smiler Charlotte

Doneringa må vere gjort etter nokre spesielle retningslinjer. Åsa klipte seg difor hos frisørsalongen Carisma for å forsikre seg om at det vart gjort rett. Frisøren Maria las seg i forkant opp på organisjonen generelt og prosessen for å donere på rett måte. Ho tykte saka var så god at ho gjorde klippen gratis for å støtte.

– Det er sjeldan at unge jenter vil ha kort hår, som regel vil dei ha det så langt som mulig. Eg tykkjer ho er råtøff som gjer det. Det er ikkje mange som ville ha klipt så mykje for at andre skal få håret deira. Hår er ein viktig del av sjølvkjensla. Å stå der uten hår og uten penga til parykk kan vere veldig tungt. Difor ville eg vere med og støtte saka litt, fortel Maria.

Åsa håper fleire vil donere bort håret sitt.