Ei befolkningsundersøking gjennomført av NAF viser at 6 av 10 meiner regjeringa og departementa må prioritere ei styrking av kollektivtrafikken framføre noko anna.

– Signalet er klart frå folket. Eit betre kollektivtilbud er det dei vil ha, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF.

Det er svara frå folk i byområda som gjer at satsing på kollektivtransport kjem ut som det viktigaste. Hakk i hel følgjer vedlikehald av eksisterande vegar. 56 prosent av de spurde meiner dette er det viktigaste å prioritere innanfor samferdsleområdet. Bygging av nye vegar kjem noko overraskande eit stykke ned på lista. 1 av 3 meiner nye vegar er det viktigaste.

Talet på avgangar er viktigDet er også 6 av 10 nordmenn som svarar at dei kan tenkje seg å reise meir kollektivt. Vel så interessant er det at like mange bilistar svarar det same.

- Potensialet er stort, men det forutset også storstilt utbygging dei fleste stadar, meiner Sagedal.

Talet på avgangar og desto kortare tid det er mellom dei, er viktigast for å velge kollektivt. 45 prosent svarar at denne må bli så bra at ein kan reise når det passar. I tillegg er lågare pris (40 prosent), betre tilbod (32 prosent) og kortare reisetid (29 prosent), viktig for å velge kollektivt.

Det politiske målet er å få fleire til å reise kollektivt. Det betyr at fleire må flytte seg frå rattet til bussen, trikken eller t-bana.

- Skal vi få det til, må det byggast ut kraftig. Særleg i og rundt dei store byane, er kollektivtransport avgjerande for å få logistikken til å gå opp, avsluttar Inger Elisabeth Sagedal.