Splid om makrellkvoten kan få konsekvensar for Norway Pelagic
Natt til fredag vart norske makrellfiskarar kasta ut av EU-sona. Det er ikkje berre fiskarane og reiarlaga som kan kome til å lide økonomiske tap. For Norway Pelagic i Hjørungavåg kan det føre til omsetjingssvikt.
Ved Norway Pelagic kjem det no mykje sild inn til anlegget i Hjørungavåg, men dagleg leiar Rune Hoddevik håper forhandlingane om makrellen snart gir fiskarane løyve til å fangste makrell igjen. (Arkivfoto).