– Vi har ein samfunnsplan. No treng vi ein visjon for Ulstein si framtid. Eg håper på stort engasjement ute blant folk, seier ein optimistisk ordførar Hannelore Måseide. Ho håper at også lag og organisasjonar vil slenge seg med i konkurransen om å formulere ein visjon for Ulstein, som skal brukast i kommuneplanen sin samfunnsdel for 2009 til 2020.

Samanheng med planen

Visjonen skal vere ei kort setning eller eit ordspel som gjev inspirasjon, motivasjon og ambisjonar for utvikling av Ulsteinsamfunnet. – Ein kan tole ei litt lang setning viss den flyt godt, og innhaldet er godt, meiner assisterande rådmann Verner Larsen. Det er viktig å hugse på at framlegg som skal vere med i konkurransen, må ha ei kort grunngjeving utifrå kommuneplanen sin samfunnsdel. – Det skal vere ein samanheng mellom planen og visjonen, seier rådmann Hans Jakob Sandanger.

Pengepremiar

Dersom eit framlegg til visjon vert nytta i kommuneplanen, vert det premiert med ein førstepremie på 10 000 kroner. – Kommunestyret skal avgjere saka på møtet 18. juni, fortel ordførar Hannelore Måseide. To andre framlegg vert premierte med 2 500 kroner kvar. Resultatet for desse vert avgjort ved loddtrekning i same kommunestyremøte. Premiane skal delast ut på ei tilstelling i løpet av sommaren. Det vankar dermed både heider og ære på dei utvalde.

Frist 25. mai

For å vere med i konkurransen må framlegget vere levert til Ulstein kommune innan klokka 16.00 måndag 25. mai. – Vi ber folk om å sende forslaga skriftleg, anten via vanleg post eller e-post. Informasjon om konkurransen og link til kommuneplanen, finn ein på Ulstein kommune sine heimesider, fortel personalsjef Asbjørg Garshol. Dersom ein stikk innom Servicetorget på Ulstein rådhus vil ein også få tilgang til det ein treng for å vere med, men først og fremst treng ein kanskje fantasi?