Det er berre jul ein gong i året. TIl gjengjeld strekkjer julefeiringa seg over eit stadig lengre tidsrom. Sist veke spurte vi om lesarane hadde smakt på julematen. Og det hadde dei.

I alle fall svarte 60 prosent av dei som klikka seg inn på vekespørsmålet at dei hadde tatt for seg av julematen allereie.

40 prosent hadde derimot stått i mot freistingane og nøgd seg med fiskebollar eller kva det no er ein et i førjulstida. Kan hende fordi dei likar korkje lutefisk eller ribbe av svin eller sau.

Vi held oss innanfor sfæren næringsmiddel og jul også denne veka. For mange er juledrammen, eller i alle fall eit glas vin eller juleøl, eit av høgdepunkta julekvelden. Andre synest at alkohol og julefeiring høver dårleg saman.

Kva meiner du? Sleng deg med å gi svaret ditt på vekespørsmålet eit stykke ned på nettavisa si framside.