Det er Anita Waage, ansvarleg leiar for tilbodet, som fortel dette. Frist for å melde seg på til ein ny tørn ved skulestart i august er sett til 15. mai.
21 born har vore med
Fotballfritidsordninga kom i gang i januar i år med 21 born frå 3.-6.-klasse.
Dei av borna som har behov for det, blir transporterte til klubbhuset ved Hareid stadion etter fullført skuledag. Klubbhuset er tilhaldsstad og utgangspunkt for måltid, lekser og aktivitetar. Tilbodet startar kvar dag med eit sunt måltid, som er inkludert i prisen for å delta i ordninga - og blir runda av med eit fruktmåltid.
Ikkje berre fotball
Anita Waage fortel at tanken bak fotballfritidsordninga (FFO) er å gi elevane eit aktivitetstilbod med både sosiale aktivitetar, lekselesing og ein fotballfagleg del.
- FFO er for alle og ikkje berre for dei som spelar fotball. Minst ein dag i veka legg vi til rette for andre aktivitetar enn fotball – og alle borna får tilbod om leksehjelp.
FFO følgjer skuleruta, men kjem til å gi eit ekstra tilbod i haust- og vinterferiane. Ordninga er open til klokka 16.30 – og er open også på skulane sine planleggingsdagar.
- Vi har eit sterkt fokus på at fotballfritidsordninga skal vere kjekk, og det vil også gå igjen i korleis vi gjennomfører treningsdelen, seier Waage og legg til at alle vil få gratis treningsutstyr.
Informasjonsmøte
- Onsdag 22. april skal halde eit informasjonsmøte om ordninga. Skulle vi få for få påmeldingar til haustsemesteret, må vi justere ned talet på dagar, seier Waage.