I ettermiddag vart det oppdaga at det er ein lekkasje i vassrøra ein stad i Ulsteinvik sentrum.

- Det gjer at vi stengjer av vatnet i soner, for å prøve å finne ut kvar lekkasjen er, opplyser teknisk sjef Arne Runar Vik i Ulstein kommune.

I Holsekerdalen er det no fleire som er utan vatn.

- Sidan vi stengjer vatnet sonevis, håper vi at abonnentane ikkje blir utan vatn i noko særleg lang tid, seier Vik, men han legg til.

- Når vi finn lekkasepunktet kan det vere at vatnet blir litt lenger vekke i den sona, dette fordi vi må reparere skaden.

Kanskje kan det vere ein ide å tappe vatn i eit kar, slik at folk i sentrum har litt vatn utover kvelden.