UDI seier opp avtaler for 1.610 mottaksplassar før 1. september. Bakgrunnen er at det kjem få asylsøkjarar til Noreg for tida. På dei sju første månadane har vel 2.600 personar søkt asyl her i landet.

– Når vi no legger ned fleire mottak, vil nedlegginga også omfatte veldrivne mottak og mottak som blir sett pris på i lokalsamfunna. Det er synd, men samtidig er det ikkje samfunnsøkonomisk forsvarleg å betale for plassar som ikkje er i bruk, seier fungerande avdelingsdirektør Borghild Fløtre i UDI.

Ein av fem har fått avslag

Ved utgangen av førre veke budde det vel 8.300 personar på norske asylmottak, det er meir enn 5.000 færre enn ved årsskiftet. Omkring 1.600 av desse, éin av fem, har fått endeleg avslag på asylsøknaden og har utreiseplikt. Omkring 1.200 klager på avslag er inne til behandling, viser tal frå Utlendingsdirektoratet.

32 mottak att

På det meste vinteren 2015/2016 hadde UDI rundt 39.000 mottaks- og akuttplassar. Når denne kuttrunden er gjennomført, har UDI cirka 7.100 sengeplassar igjen på 32 asylmottak over heile Noreg.

I tillegg kjem mottakssenteret med 1.000 plassar i Østfold. Retningslinjene til UDI tilseier at minimum 85 prosent av plassane i mottaka her i landet skal vere i bruk.

Desse asylmottaka blir lagt ned:

UDI seier opp kontraktar for drift av 1.290 ordinære plassar i åtte mottak og 320 plassar for mindreårige i ni mottak.

Mottak for vaksne:

* Hamar, 140 plassar, Ormseter AS

* Hemsedal statlig mottak, 150 plassar, Hemsedal Statlig mottak AS (VAM AS)

* Jarlen, Hemne, 180 plassar, Hero Norge AS

* Svolvær, 160 plassar, Mottaksdrift AS

* Vestvågøy mottakssenter, 160 plassar, Hero Norge AS

* Mandal mottak, 150 plassar, Mandal Statlig mottak for asylsøkere AS

* Solbakken, 130 plassar, Flora kommune

* Haugesund, 220 plassar, Hero Norge AS

Mottak for einslege mindreårige:

* Hol mottak EMA, 40 plassar, Link AS

* Hareid statlige mottak EMA, 30 plassar, Link AS

* Sunndal mottak, EM avdeling I, 30 plassar, Sunndal kommune

* Vestvågøy EM, 40 plassar, Hero Norge AS

* Skillevollen EM mottak, 50 plassar, Rana Mottak AS

* Egdehall EM mottak, Gjerstad, 25 plassar, Egebo AS

* Evje EM, 35 plassar, MD Solutions AS

* Skei statlige mottak for EM, Jølster, 30 plassar, Norsk Mottaksdrift AS

* Hå EM mottak, 40 plassar, Hero Norge AS