Foto: Arkiv

Etter det Vikebladet Vestposten kjenner til, er det no klart at Sondre Beite forlet Hødd.

Han går til tredjedivisjonsklubben Brattvåg, som tidlegare i veka også signerte den svenske spissen Saihou "CH" Jagne.

Ifølgje klubben sine heimesider har Brattvåg forsterka laget, og spesielt angrepet,  før haustsesongen.

Sondre Beite er 21 år gamal og opphavleg frå Skodje kommune.

Han kom til Hødd frå Skodje IL før 2014-sesongen. Den første sesongen i Hødd var han ein del av rekruttgruppa, men debuterte på A-laget hausten 2014.  I den siste seriekampen i 2014 starta han heimekampen mot Bryne.