Under årsmøtet som blei halde i sommar blei det klart at Geir Eilertsen, Stian Garnes, Idar Flø, Bjørn Teigene, Melinda Skeide, Håvard Myrene og Sigrid Jønsson danna det nye styret i Hareid Næringsforum. Men ein leiar fann ein ikkje med det første. Men i eit møte 28. september blei det klart, Idar Flø er ny styreleiar i Hareid Næringsforum.

- Eg har vore med i styret i nokre år. Det er alltid ein uriaspost å vere leiar for ein slik type frivilleg arbeid, men det er viktig. Eg brenn for kommunen eg bur i, og ønskjer å gjere ein innsats, noko også dei andre i styret ønskjer, seier Flø til Vikebladet Vestposten.

Flø er til dagleg administrerande direktør i Norwegian Centre of Maritime Communication AS.

Etter eige ønskje slutta Rakel Dyrhaug som dagleg leiar i Hareid Næringsforum 31. desember 2016, og ein jobbar framleis med å få på plass ein ny dagleg leiar. Anders Lillebø var styreleiar i 2016, men ønskte å gå ut av styret.