– Ja, det er klede i mellomprisklassa som sel best her i Ulsteinvik, seier dei.

I 2007 bestemte Synnøve Hofseth Ulstein og Hilde Hofseth Televik for å starte Match-butikk på Amfi. Ti år seinare er dei svært fornøgde med både drifta og samarbeidet. Begge har stilling som dagleg leiar og fortel at dei styrer og bestemmer like mykje kvar.

– Vi er samde om å vere usamde, og så er det viktig at det er rom for å gjere feil, seier Hilde.

Ein livsstil

Hilde har bakgrunn som motedesignar og som butikksjef i andre klebutikkar. Storesyster Synnøve hadde jobba tjue år som sjukepleiar då dei starta butikken for ti år sidan.

– Vi har aldri angra på at vi sette i gang. Sjølv om det har vore knallhard jobbing, spesielt dei to første åra, seier dei to.

I dag har butikken fire tilsette i tillegg til Hofseth-systrene.

– Vi har hatt positive og stabile tilsette og vi hadde aldri klart dette åleine, seier Hilde.

I fjor selde butikken klede for åtte millionar kroner. Overskotet går kvart år tilbake til butikken, slik at det er rom for å gjere investeringar.

– Det vert ein livsstil. Når du er på ferie, må du rekne med å få telefonar. Men det er ikkje noko problem, seier Synnøve.

Kjekke kundar

Senterleiar på Amfi, Helene Holstad, rosar dei to systrene og meiner det er damer på rett plass som utfyller kvarandre.

– Dei har jobba målretta og skapt ei solid bedrift. Med gründerblod i årane har dei alltid hatt guts til å satse og har heller ikkje vore redde for å ta i eit tak, seier Holstad.

Fire gongar i året reiser systrene på messer for å plukke ut kva klede dei skal selje i butikken. Dei fortel at det er omfattande å følgje med på trendane til ei kvar tid. I haust er det til dømes fargar som sennepsgult, oransje, brunt og burgunder.

Sjølv har Synnøve og Hilde denne forklaringa på at butikken framleis er i drift:

– Det handlar om sunt bondevit. Ikkje ha for stort varelager, ikkje bruke pengar ufornuftig. Og så må ein plukke ut klede som folk vil ha, seier dei.

– I tillegg er det viktig å vere hyggeleg, positiv og omgjengeleg. Vi møter utruleg mange kjekke menneske, seier dei to, som satsar på mange fleire år som butikkdrivarar.

Butikken har halde til å dei same lokala i andre etasje på Amfi i alle åra sidan opninga i 2007. Foto: Linda Eikrem