Spar Jentebølgen i Ålesund har start og mål på Kiperviktorget torsdag 11. juni. Jentebølgen er Norges største løpsserie for kvinner. Distansen er 5 km, og kvinnene kan springe, jogge, gå – alt etter form og innsatsvilje. IL Valder er arrangør for 5. år på rad, og deltakarlistene har stige med åra. I fjor hadde løpet 819 deltakar. Målet i år er å passere 1000 deltakar. Styrar Eliasbeth Warpe i Grønmyr barnehage Holstad på Hareid er stolt over iveren til dei tilsette. Heile 28 jenter tek turen over Breisundet 11. juni for å vere med på løpet. Blant desse er fleire som er i permisjon. – Det fine med Jentebølgen er at alle kan vere med. Vi har ein internkonkurranse blant Grønmyrbarnehagane om å stille med flest deltakarar. I fjor kom i på delt 2.-plass, i forfjor på 3.-plass, fortel Warpe, som også hugsar at det totalt var 136 jenter frå Grønmyrbarnehagane med i Jentebølgen i fjor. Leiinga i Grønmyr er opptekne av at dei tilsette skal vere fysisk aktive, og betaler blant anna reiseutgiftene til og frå løpet i Ålesund. – Arrangementet blir veldig sosialt, og det gir oss i Grønmyrbarehagane ein fin sjanse til å møtest uformelt etter løpet, meiner Warpe. Kor mange deltakarar dei andre barnehagane har klart å stable på beina, veit ikkje styraren på Hareid. – Dei heldt korta tett inn til brystet, smiler ho. Andre bedrifter i Ulstein og Hareid som skal vere med på Spar Jentebølgen er Sundgotmarka Barnehage, Rolls-Royce Ulsteinvik og Odim ASA i Hjørungavåg.
Nyhende →
Springande barnehagepersonale
Grønmyrbarnehagane rundt om på Sunnmøre tevlar om å ha flest deltakarar under løpet Spar Jentebølgen i Ålesund 11. juni. Grønmyr barnehage Holstad stiller med 28 deltakarar på startstreken, og ligg dermed godt an til å vinne den interne konkurransen.