Sunnmøre Folkehøgskule ønskjer å erstatte hjørnebygget over badebassenget med eit “kubistisk” bygg. Vidare er det lagt opp til å kle inne betongfasadane for å stoppe problema med trekk, fukt, misfarging osb og minske energitapet.

Saka blir lagt fram for teknisk utval i morgon, då dei søkjer om fråvik frå Plan- og bygningslova.

Det har kome inn ein nabomerknad.

Positiv administrasjon

Kommuneadministrasjonen er positive til planane. Dei ser tiltaka som positive framsteg.

Det einaste dei er negative til er fargevalet rundt vindauga, då dei verkar framande til eit bygg med ganske stram arkitektonisk utforming.

Dei føreslår for teknisk utval å godkjenne planane for ombygging, med unntak av fargevalet for vindauga. Etter at det er levert inn teikningar/illustrasjonar som viser eit neddempa fargeval, blir søknaden handsama vidare administrativt.

Saka skal opp i teknisk utval onsdag 5. desember 2012.