I den samanhengen søkjer selskapet om serveringsløyve - noko rådmannen i Hareid ikkje har innvendingar til. Heller ikkje Mattilsynet har innvendingar. Når butikken er ombygd, vil han kunne tilby eit større utval daglegvarer inkludert ferskvarer og ei rekke varme rettar som pølser, hamburgerar, pommes frites og liknande produkt. Der blir også selt omelettar, såkalla "bake off"-produkt, ferdigproduserte baguettar og salatar. Opningstidene blir frå klokka 6 til 23 - med forlenga opningstid til klokka 01 natt til laurdag og søndag. Styrar for serveringsløyvet blir dagleg leiar Karin Svendsen Holstad, som avla etablerarprøve i april i år. Ho eig selskapet saman med ektemannen Ingar Holstad.
Nyhende →
Statoilstasjonen aukar satsinga på daglegvarer og varme rettar
Jon Holstad AS, som driv Statoilstasjonen på Hareid, har planar om å bygge om butikken og utvide vareutvalet.