Berit Holstad frå Hareid er blant dei ni tilsette i Sparebanken Møre som har blitt heidra med Det Kongelige Selskap for Norges Vels Medalje for lang og tru teneste.

Medaljane vart delte ut av Anne Britt Jensen og administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand ved to samlingar ved Hotel Union i Geiranger.