I tysdagsavisa står det ei redaksjonell sak om svineinfluensa. I same avis står det ei annonse om influensavaksine i Ulstein. Det er viktig å skilje mellom desse to vaksinane. - Vaksinen mot svineinfluensa har enno ikkje kome til Ulstein, men det er venta at den skal kome i slutten av oktober, fortel lege Mikal Dahl ved Ulstein legesenter. Det er gravide i 2. og 3. trimester, pluss kronisk sjuke som har førsteprioritet. - Vi kjem til å annonsere gjennom lokalavisa når denne vaksinen kjem, og kven som skal prioriterast først, forklarer Dahl. Prisen per vaksine skal vere 50 kroner. - Det er anbefalt at alle tek denne vaksinen, men risikogruppene vert prioritert først. Det vil ta fleire veker å vaksinere alle innbyggjarane i Ulstein kommune, forklarer Dahl.

Vanleg sesonginfluensa

Annonsen i avisa gjeld vaksinering mot den vanlege sesonginfluensaen som bruker å kome kvar vinter. Denne vaksinen kostar 50 kroner, og ikkje 100 kroner som det står i annonsen. Målgruppa for denne vaksinen er pasientar med: – alvorlege luftvegssjukdomar, særleg dei som har nedsett lungefunksjon – kronisk hjarte-karsjukdom, spesielt dei som har alvorleg hjertesvikt – nedsett forsvar mot infeksjonssjukdomar – sukkersjuke eller annan stoffskiftesjukdom – andre personar over 65 år Denne vaksinen vil ikkje hjelpe mot svineinfluensa. Det vil kome ei særskild kunngjering om vaksinering mot svineinfluensa.