Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal fylke deler kvart år ut ein pris til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremje: * likestilling mellom kvinner og menn * likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten * likestilling mellom funksjonshemma og ikkje funksjonshemma Har du eit forslag? Alle kan foreslå kandidatar til likestillingsprisen. Send forslaget ditt, med ei lita grunngjeving, innan 1. august 2009 til Møre og Romsdal fylke, fylkeshusa, 6404 Molde. Du kan óg sende via epost til post@mrfylke.no Prisen kan delast ut til enkeltperson, gruppe, organisasjon, skole/klasse, bedrift, institusjon, kommune eller andre som har gjort ein særlig god innsats for likestillingsarbeidet i fylket. Prisen blir delt ut i fylkestinget på Geiranger den 12. oktober 2009.
Nyhende →
Kven er best på likestilling?
Møre og Romsdal fylke er på jakt etter kandidatar til likestillingsprisen 2009. Alle kan foreslå kandidatar til likestillingsprisen.