Politiet melder at ein mann i 20-åra blei vist bort frå ein utestad i sentrum av Ulsteinvik natt til søndag. Etter berre ei lita stund vendte kranglefanten nasen tilbake mot utestaden, og starta å lage bråk igjen.

Politiet såg inga anna løysing enn å setje mannen i arresten og melde han for ordensforstyrring, og for ikkje å følgje politiet sitt pålegg om å halde seg borte frå utestaden.